– Eitt døgn etter to Brage-prisar til nynorskforfattarar gir budsjettforliket ei satsing på nynorsk med pengar til mellom anna innhald i Vinje-senteret. Det er eit nytt stort steg for oss, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding etter at Stortinget no løyver 1,6 millionar til basisutstilling i Vinje-senteret.

– Nynorsk kultursentrum takkar både dei som fremja saka, og dei som kom kravet i møte.

Kvart år på 2000-talet har alle sentrale nynorskinstitusjonar snakka med ei stemme om viktige nynorsk-satsingar i statsbudsjetta. For 2018 var lista lenger enn vanleg. Det forklarer Grepstad slik:

– Kulturbudsjetta aukar mindre enn før, og løyvingane til nasjonale nynorsktiltak aukar endå mindre.

– Som i fjor tok Venstre saka. Partiet laga ein nynorskpakke i det alternative statsbudsjettet sitt og snakka den pakken inn i statsbudsjettet saman med Kristeleg Folkeparti. Det sikrar framtida for Landssamanslutninga av nynorskkommunar og gir eit millionløft til både Det Norske Samlaget, Noregs Mållag og Hordaland Teater, heiter det i pressemeldinga.

Dagleg leiar for Vinje-senteret er tilsett, og auka driftsrammer må til for å utvide drifta og skape eit sterkt fagmiljø i den nye nasjonale kulturinstitusjonen. Vona var auka driftstilskot gjennom budsjettforliket, men slik gjekk det ikkje.

– Det arbeider vi vidare med å få til, seier Ottar Grepstad.

– Både stat, fylkeskommune og kommune satsar på Vinje-senteret i 2018. Det gir oss gode kort på handa når vi no vender oss til moglege private samarbeidspartnarar.

Direktøren i Nynorsk kultursentrum gratulerer nynorsktiltaka som no får meir å gjere i 2018.

– Midlane vil gi publikum endå betre kulturtilbod, meir kunnskap og meir godt lesestoff. Det er berre å gle seg, seier Ottar Grepstad.