Black Friday - eller svart fredag som kommunen har valt å kalle det, har kome for å bli.

Tradisjonen kjem frå USA, der Black Friday er ein årleg handledag som finn stad dagen etter Thanksgiving. Dagen markerer starten på julehandelen, og i USA opnar mange utsala sine allereie så tidleg som klokka tre på natta. Tanken er at kundane denne dagen kan sikre seg mange salsvarer, i eit avgrensa tal og/eller tidsrom.

- Vi vil ikkje vere noko dårlegare vi! seier leiar for service og informasjon i Ørsta kommune, Elisabeth Sæbønes.

I kommunen sit dei på eit rikt tal bøker om og frå Ørsta og omegn.

Vartdalsoga, Hjørundfjordsoga, Ørsta-album (15 i talet), konfirmasjonsboka (av Jostein O. Mo), Ørstingar og Nærings- og kultursoga er det dei har å by på.

- Det kjem inga ny bok til jul i år, som har vore tradisjonen lenge, og då tenkte vi at vi ville gi eit godt tilbod på dei bøkene vi allereie har, for det er ikkje få! seier Sæbønes.

Fredag er det mogleg å sikre seg eit eksemplar eller to, om folk vil gi det vekk i julegave, eller om dei vil tette eit hol i samlinga si, til halv pris på servicekontoret i kommunen.

- Det er elleville prisar! Vi har ikkje kasse, men vi tek vipps. Eller så kan folk betale kontant, men då må dei ha rette summen, for vi kan ikkje veksle, seier Sæbønes.