– Det er fire år sidan vi arrangerte Battle of The Bands førre gong, og no prøver vi igjen. All ungdom som spelar i band i Ørsta og Volda er inviterte til å vere med, seier Bendik Mork Folkestad ved Kaihuset.

Saman med Hans Robert Bondhus ved Kaihuset står han bak arrangementet, og for Bendik sjølv er det spesielt å vere arrangør.

Var med sjølv

– Eg var med fyrste gongen då Battle of The Bands vart arrangert i 2008, med bandet Funky bananapop, og vi greidde faktisk å vinne, fortel han.

Det vart arrangert Battle of The Bands på Kaihuset i fleire år. Arrangementet var populært, og det var om å gjere for banda å melde seg på tidleg for å vere sikra plass i tevlinga.

– No er det fire år sidan det vart arrangert Battle of The Bands sist, og det er kanskje litt vanskelegare å få band til å stille. Bandmiljøet er ikkje slik det var, fortel Bendik.

Likevel poengterer han at det ikkje er færre unge musikarar og songarar.

– Nei, det er mange som spelarane og syng i kulturskulane i Ørsta og Volda. No håper vi at vi får med så mange som mogleg av desse til å vere i Battle of The Bands, seier Bendik.

Tre låtar kvar

Tevlinga er laurdag 25. november på Kaihuset.

– Alle banda/artistane som er med skal få høve til å spele tre låtar. Etter at alle har vore på scena skal ein jury samansett av tre medlemmer vurdere framføringane, og kome med ei rangering. I tillegg har publikum sitt å seie. Det vil seie at juryen avgjer kven som vert nummer ein og to, medan publikum avgjer kven som får tredjeplassen, fortel Bendik.

Han lovar også fine premiar. Det vert pengepremiar til vinnarane, og i tillegg ymse musikkutstyr.

Sjølv ser han tilbake på si eiga deltaking i Battle of The Bands med glede.

– Det forma meg som musikar og menneske. Det å få vere saman med andre i eit band, og i eit slikt konsept, er ganske viktig, seier Bendik.

Dei som ynskjer å vere med på Battle of The Bands kan ta kontakt med Bendik Mork Folkestad eller Hans Robert Bondhus.

– Meir informasjon kan folk få med å gå inn på Kaihuset si side på Facebook, seier Bendik Mork Folkestad.

Arrangør: Bendik Mork Folkestad håper på god oppslutnad om Battle of The Bands. Foto: Rune Sæbønes