13. oktober opna Ørnulf Opdahl si utstilling på Kunsthuset i Ørsta, og Laurdag var siste opningsdagen for utstillinga. Volda og Ørsta kunstlag trefte skikkeleg blink med utstillinga som hadde ei bruttoomsetning på 550.000 kroner. Kunstlaget sit att med ein pen del av denne omsetninga. Opdahl stilte ut litografi og keramikkfat i utstillinga, og totalt vart det seld 53 kunstverk på dei vekene utstillinga var open. Besøket har og vore godt, og vel 680 besøkjande har funne vegen.

– Utstillinga har vore ein suksess på alle måtar, og spesielt med tanke på sal og besøk. Dette er veldig bra for kunstlaget, og ikkje minst for kunsten, seier Randi Bergem som har hatt ansvaret for Opdahl-utstillinga i regi av kunstlaget.

Volda og Ørsta kunstlag rettar og ein stor takk til alle frivillige som stiller i samband med utstillingane.

Var positivt overraska

Kunstnaren sjølv var positivt overraska over responsen då Møre-Nytt var i kontakt for nokre veker sidan.

– Eg hadde kanskje rekna med ei viss interesse sidan motivområdet mitt er Hjørundfjorden. Mykje er henta derifrå og det tenkjer eg mange kjenner seg att i, sa Opdahl.

Kunstnaren sa at han ikkje skrur opp forventningane på eigne vegner før ei utstilling.

–Eg har aldri enormt store forventingar før ei utstilling, og då blir eg desto meir gledeleg overraska når det går slik som dette. Det er heilt fantastisk.