Harald Aambø, Roar Liaskar og Ottar Løvoll frå Lionskoret fortel at dei vil by på både song, lyrikk og gode gjester.

– Det var stor suksess med kulturkveld sist vi hadde det, i Jensaløda på Leira. Denne gongen har vi fått med oss Louise Engeseth som solist, i tillegg til dirigenten vår Børge Hauge, som også skal vere solist. Og med Torgeir Hauge som vil stå for musikken, fortel dei.

Repertoaret held dei tett til brystet, men dei kan røpe at koret vil levere på både svensk, norsk og engelsk – og latvisk. I tillegg til at kormedlemene vil lese utvalt lyrikk til publikum.

– Det er ein flott kombinasjon, meiner vi. Vi står ikkje berre å syng, men kjem også med litt historiske attersyn og lyrikk. Vi er eit allsidig mannskor med eit breitt repertoar, seier Harald Aambø.

Koret har halde det gåande sidan midten av 90-talet, og hadde Arne Hestholm som sin første dirigent. Dei har faste oppdrag gjennom året, og stiller mellom anna opp for sjuke- og aldersheimar og andre institusjonar og tilstellingar rundt om.

Mannskoret Grepa

Dei er om lag 20 medlemer i koret. No gjer dei grep for å prøve å få med seg fleire.

– Lionskoret er det vi er kjent som, og det er eit namn vi har fått av publikummet vårt. No er det slik at vi gjerne vil ha medlemmer som ikkje er med i organisasjonen Lions også. Det er lett å tru at vi berre er for medlemmer, men slik er det ikkje, seier Ottar Løvoll.

Dei har emna på namneendringa ei god stund. No vil dei gjere det offisielt.

– Dette blir vel vår siste offisielle framsyning som Lionskoret. Vi har diskutert mykje fram og tilbake det siste året, men har no falle på namnet Mannskoret Grepa, fortel Løvoll.

Det var leiar Roar Liaskar som kom med namnet. Då som «Grepa karar».

– Vi er jo det, nokre grepa karar. Men Mannskoret Grepa kling betre. Det er litt dobbel botn i det også, med tanke på Grepa-namnet i Ørsta. Det høyrer heime her, seier Liaskar.

Og laurdag er det altså mogleg å Lionskoret – eller Mannskoret Grepa i aksjon.

– Kafeen i tunet er open, så her er det mogleg å få seg noko godt å drikke eller ete til kulturkvelden også. Vel møtt, helsar dei grepa karane

Mannskoret Grepa: Lionskoret skal endre namn til Mannskoret Grepa. Harald Aambø, leiar Roar Liaskar og Ottar Løvoll håper det vil lokke fleire menn til å vere med. Foto: Janne-Marit Myklebust