– Nei. Haukly er som Sveits. Det er nøytral sone, seier Anette Alnes og Cecilie Rørstad.

Dei har kjøkkenteneste søndag, og syter for nok og god mat under messa. Søndag er det middagsservering, og mange tok turen innom messa for å få seg ein matbit.

Handverksmessa på Bjørke er eit fast innslag på hausten. Det er grendehuset Haukly som arrangerer, og messa gjev eit viktig bidrag til drifta av ungdomshuset.

– Vi har utstillarar frå Nordfjord og Sunnmøre, og i år er det i alt femten som har selt produkt her, fortel Alnes.

Når det samlar seg så mykje folk, vert det ein del børsing, men den store saka om grensejustering, er eit ikkje-tema.

– Nei, når vi er på Haukly, skal ikkje dette snakkast om. Dei diskusjonane får vi ta andre stader, seier Perry Bjørke bestemt. Han har sine meiningar om ei eventuell grensejustering, men vil ikkje fortelje om denne så lenge han er på Haukly.

Bjørke har i mange år stått på for ungdomshuset, og denne helga er det arbeidet med å sikre gode inntekter til drifta som er det viktige.

– Vi har ein avtale med utstillarane om at vi ikkje tek provisjon av salet, eller ei fast leigeinntekt. I staden gir dei oss ein gjenstand kvar, og desse loddar vi ut. Det ber med på å sikre huset inntekter, fortel Bjørke.

Må ha pengar til drifta

For han er det ein evig kamp om å skaffe huset nok driftsinntekter, for han opplever at den offentlege kassa med støtteordningar stadig vert mindre.

– Vi var så heldige å få pengar frå Hjørundfjordfondet nyleg, og det er vi glade for, seier Bjørke.

Det kostar nemleg å drive ungdomshuset, og han opplever at krava til utstyr og standard vert stadig større.

– Då vi hadde konserten med Odd Nordstoga her, måtte vi oppjustere straumopplegget, fortel Bjørke, og viser Møre-Nytt straumopplegget med nytt sikringsskår mellom anna.

– Vi har også fått oppgradert scenebelysninga, og vi har stadig prosjekt vi ynskjer å ta tak i, fortel han.

Sjølv om grensejusteringa ikkje er tema på messa, er det nok å prate om, forsikrar Bjørke.

– Laurdag var jo det store temaet hjorten som gjekk seg inn i høgspentlina. Og i og med at Mørenett mått stengje av straumen for å reparere høgspentlina, fekk det også følgjer for oss som hadde messe her, fortel Perry.

I om lag to og ein halv time var straumen vekk, og dei som arrangerte messa måtte improvisere.

– Her vart mest julestemning med stearinlys frå alle bord. Vi kom oss gjennom det, sjølv om vi ikkje fekk til alt slik vi ynskte når straumen var vekk, fortel Bjørke.

Handverksmessa på Bjørke heitte før julemesse, men etter kvart fann arrangørane ut at det vart feil.

– Vi har alltid hatt messa tidleg i november, og vi kom etter kvart til at det vart for tidleg å nytte nemninga jul. Sjølv om julebrusa kjem til butikkane i oktober, meiner vi det vert feil å setje i gang med julestria så tidleg. Difor endra vi namn, fortel Bjørke.

Men vedgår at det tek litt tid å innarbeide alt nyt.

– Framleis står det vel julemesse på skiltet vi set opp nede ved brua, fortel Bjørke med eit smil.

Han synest det er kjekt at så mange kjem til Bjørke desse dagane. Parkeringsplassen ved Haukly er full, og i løpet av helga er nok fleire hundre innom.

HandverksmessE: Det er marknadsstemning på Bjørke under handverksmessa. Foto: Rune Sæbønes
Utstyr: Perry Bjørke syner fram det elektriske opplegget på Haukly. Det har nyeg vorte oppgradert. Foto: Rune Sæbønes