Ørsta var premierestaden for Kyrkjerådet si storsatsing «Framsyningar om nåde».

Det er seks framsyningar som skal aktualisere temaet til reformasjonen for born og unge.

I Ørsta var det Marit Kaldhol sitt stykke, «Korfor er det så mørkt her?», som vart vist to gonger onsdag.

– Eg er spent på mottakinga av stykket. Vi har ikkje vist det for målgruppa enno, og håper på ein fin respons, seier forfattar Marit Kaldhol.

Raud løpar

Ho og representantar for kyrkje, bispedømmet og Kyrkjerådet tok i mot konfirmantane på raud løpar og med eplebrus før framsyninga, akkurat slik det skal vere på ein stor premiere.

Om prosjektet seier Kyrkjerådet at nåde, myndiggjering og livsmeistring er tema som kyrkja ønsker å utforske saman med barn og unge gjennom dette prosjektet.

Kyrkjerådet har, i samarbeid med Norsk Scenekunstbruk, tildelt prosjektmidlar til utvikling av framsyningane. I dette prosjektet vert scenekunst og trusopplæring kombinert. Gjennom fantasi, undring og opne samtaler om liv og tru ønsker Kyrkjerådet å setje dagens syn på livet inn i ein samanheng med tradisjon og fornying.

Kyrkjerådet samarbeider med bispedømmeråda om å leggje til rette for at kyrkjelydar kan vise framsyningane i trusopplæringa og eventuelt andre samanhengar hausten 2017

I Møre bispedømme var det Ørsta som fekk æra av å vere premierestad. Ørsta tilbaud framsyninga til alle årets konfirmantar frå alle sokna i kommunen.

Stykket til Kaldhol skal visast i alt 36 gonger, mellom anna i Volda, Ulstein og Herøy.

Framsyninga til Kaldhol tek opp Martin Luther si største utfordring i livet, tungsinnet hans.

– Han sperra seg inne i mørke rom. Kona hans, Katharina, ville hjelpe han ved å sleppe lyset inn. Det var ikkje lett for Martin å ta imot, men Katharina gav aldri opp, heiter det i omtalen av stykket.

I framsyninga har karakterane Mo og Bo begge mista noko og dei treng begge hjelp for å finne att det som er borte, men korleis taklar dei å ta imot hjelp? Korleis kan vi hjelpe kvarandre til å bli glad og kva betyr det å få hjelpe eit anna menneske?, er spørsmål som vert stilte.

Frå stykket: Skodespelarane Inger Bakke og Viggo Solum i aksjon i Spjelkavik kyrkje. Pressefoto Foto: Rune Sæbønes
Spente: Jonas Fuglehaug (t.v.), Sondre Bolli Aystrheim, Bendik Åmbakk, Evan Aambø. Foto: Rune Sæbønes