Den kanskje mest kjende kunstnaren frå Nord-Vestlandet hentar mykje inspirasjon frå naturen.

– Eg er mykje i Hjørundfjorden, seier han, og viser fram eit grafisk blad der motivet er Otola.

Dette fjellet har ein mørk klang i Hjørundfjorden. Herifrå kom ei fonn som tok eit heilt kyrkjefølge på 1700-talet.

– Ramoen er eit av fjella eg har måla fleire gongar. Og frå ateliet mitt på Godøya ser eg Saudehornet, men eg har ikkje med bilete av det denne gongen, seier Opdahl.

Kultursentrum?

Han har med seg grafiske blad , og keramiske fat, til salsutsillinga i Kunsthuset.

– Kva forventingar har du til å stille ut i Ørsta?

– Ørsta er eit kultursentrum. Er det ikkje slik?, svarer han, med glimt i auget.

Utstillinga vert offisielt opna i ettermiddag, og heng oppe til til 11. november.