Ei sjeldan engasjert 5. klasse frå Velle skule omfamna serieskaparen med både spørsmål, klemmar og autografjag. Ulsteinvikaren Runde står bak mellom anna vikingserien Olav med sleggja, boka Futen – basert på gamle folkeeventyr, og mykje meir. Særleg populær er seriefiguren Bjartmann, ein superhelt som har følgjande karakteristikum: Litt sterkare enn normalt. Mykje betre til å brase gjennom murveggar enn normalt. Heilt ok høyrsle. Litt under middels djupnesyn. Sommardrakt, brun, tettsitjande, med hundeøyre og hundenase, av robust lateks.

Stamceller

Runde teiknar sjølv, men har også skrive tekstane til fleire andre teikneseriebøker som andre har illustrert. Sist ut i eigen regi er ei bok om stamceller, med fagleg konsulent i forskar Cecilie Gjerde, retta mot 10-åringar. Det er altså snakk om å ta eit vanskeleg, men viktig tema, og gjere det om til underhaldande lesestoff.

– De er framtidas forskarar! Husk det, oppmoda han.

Og med det avslørte han også litt av motivasjonen for å lage vitskaplege bøker i teikneserieformat, i tillegg til stor eigeninteresse sjølvsagt.

– Å vise noko med teikningar gjer stoffet lettare å forstå. Stamceller er ei tung bok. Det er ho, men om ho kan engasjere dei unge til å lære meir om dette, så er det kjempebra.

I omtalen av boka skriv forlaget Gyldendal: Fagstoffet vert lett tilgjengeleg, leikande og humoristisk. Slik kan barn og unge (og vaksne!) få kunnskap om eit tema som mange ikkje kjenner særleg mykje til, men som vil bli veldig viktig i framtida.

– Visste de at stamceller kan gro skjelett! Mister du ein arm, kan stamceller få armen til å vekse ut att. Det er framtida, og de er framtida, sa Runde til elevane.

Teikneserieinteressa, og nysgjerrigheita over ting som er vanskeleg å forstå, er medfødt for Runde, fortel han.

– Samarbeidet mellom teikning og tekst er heilt spesielt. Eg vart heilt vill då eg i ung alder forstod dette. Dette var vegen for meg.

Han er begeistra for film og radio og bøker.

– Det er alltid veldig mange kreative folk i ulike bransjar som elskar teikneseriar. Det er ei rein og kreativ form der du har stor kontroll, men det krev tolmod å lage det. Og evne, og litt flaks. Flaks for meg at eg hadde evna i meg til å teikne slik at det vert bra.

Lagar eigen serie

Christoffer Lillebø er stor fan av teikneseriefiguren Bjartmann. Så stor fan er han at har byrja å pusle saman si eiga teikneserie, basert på helten.

– Men med heilt andre figurar, sjølvsagt. «Chrisman», heiter serien, fortel han.

Med seg på kjøpet etter forfattarbesøket, i tillegg til klem og autograf, fekk Christoffer og dei andre elevane tips og triks om korleis lage figurar.

– Første steg: Lag eit omriss som gjer figuren attkjennande, uansett kva vinkel du ser han frå. Tips to: Når du lagar snakkebobler, start frå venstre. Den som skal seie noko først, står til venstre i bildet.

Alexandra Yksnøy var svært nøgd med å få ein alternativ skuletime med Øystein Runde på folkebiblioteket.

– Det var kjempebra. Og det er kjekt og lærerikt å lese teikneseriane til Øystein.

Det gler ein teikneserieskaparmann sitt hjarte.

– Eg vil lage fleire vitskapsbøker i teikneserieformat. Det hadde vore digg med ein skikkeleg serie med slike bøker.

Neste på lista: Rakettar og romforsking.