Veien heim vert lansert digitalt, og om alt går etter planen skal den nye musikken vere tilgjengeleg onsdag.

– Vi stolar på at teknikken er med oss og at det ingen ting som rotar det til. Det er fire nye songar som no lanserer, og vi kan trygt seie at det er god Crashville-stil, seier trommeslagar og låtskrivar Øystein Nybø.

– Skal kjenne seg att

Crashville lovar at det trufaste publikummet vil kjenne seg att i den nye musikken, og bandet gler seg til å framføre dei nye songane live.

– Vi har von om musikken vil treffe mange. Spesielt songen Veien heim vil dei som er mykje ute og reiser kjenne seg att i.

Nokre samakebitar har Crashville gitt i sosiale medium og tilbakemeldingane har vore gode frå publikum.

– Vi har offentleggjort ein liten teaser på sosiale medium, og vi har fått bra med reasksjonar. Ein av dei fire nye songane handlar om ein NAV-ar. Eg må understreke at songen ikkje er meint negativt om dei som verkeleg treng hjelp frå NAV, men er ei litt humoristisk vinkling på dei som heller er litt late. Det publikum har fått høyre av den nye musikken har blitt godt motteke, seier Nybø.

– 2018 blir eit frisk år

Planane om eit nytt album frå Ørsta-bandet er lagt litt på is med utgivinga av Veien heim.

– 2018 blir eit veldig friskt år for Crashville om alt går etter planen. No er vi ute med ny musikk. Heldigvis så eig vi vårt eige studio, og vi kan difor prøve ut songideane våre når vi vil. Vi har eit lite lager med musikk, og så er det nokre idear som vert forkasta.

Sleppfest laurdag

Komande laurdag vert det ein liten sleppfest i samband med Crashville sin konsert på Verkstaden Bistro i Ikornes.

– Det er plass vi har spelt mange gongar, og ein stad vi føler oss heime. Det blir veldig spennande å sjå korleis publikum tek imot den nye musikken vår, seier Nybø.