Dei gode orda kom frå Stig Ulv.

- Ingen på Sunnmøre er så gode på kultur som ørstingane. Det ser vi her i dag. Eit utruleg breitt spekter. Det er veldig kjekt å sjå, og eg passar alltid på å seie det når eg er ute og spelar på andre scener rundt om i landet. Ørsta er best på kultur på Sunnmøre. Det er fakta.

Ordførar Stein Aam stod for den offisielle opninga.

- Dette er eit steg på veg til å bygge eit nytt fellesskap. Vi har lagt grunnlaget for eit fantastisk område. Sjå bortom elva til Mosflata. Der skal vi få ny utstillingsplass. Vidare til ny fleirbrukshall som er på veg opp på grusbana, 8500 kvadratmeter med hall. Vidare mot kulturhuset der vi jobbar for å få på plass ein ny vidaregåande skule i sambruk med kulturhuset. Og då nærmar vi oss hotellet. Her kan vi hente fram gamle tankar. Kanskje vi kan lage ein tunnel i glas, og gå tørrskodde over. Alle bør glede seg over dette. Gratulerer med ny og flott sal, helsa han.

Frank Flusund frå Ørsta kommune takka også for samarbeidet med entreprenørane.

- Det har vore eit godt samarbeid. Folk har vore ivrige. Kanskje for ivrige til tider, humra han.

Han er glad for at lokal arbeidskraft har fått jobb med å lage til den nye salen.

- No håper vi at kulturhuset vert brukt og gir innhaldsrike kulturopplevingar til folket!

Jostein O. Mo kom med eit historisk tilbakeblikk på samfunnshuset, som skifta namn til Ørsta kulturhus i 2001.

Huset vart ført opp i 1978, og feirar 40 år neste år.