- Vi jublar! Endeleg blir det kino igjen, skriv Ørsta kulturhus og kino på sine facebook-sider.

Kinoen nyopna 15. september etter ei omfattande renovering av teatersalen, men allereie 17. september måtte dei stenge igjen, då framvisaren streika.

No har ein tekniker løyst problemet, og kinoen kan opne att, er gladmeldinga frå kinosjef Janne M.G. Skarstein.