Det er snart tomt for billettar til konserten med Backstreet Girls.

Ørsta kulturhus kan melde om stor interesse for arrangementet på laurdag, der Backstreet Girls skal spele konsert i festsalen. Oppvarmingsband er Stingray, som også lovar å levere topp stemning.

Arrangementet er med skjenkeløyve, derfor er det 18 års aldersgrense. Resten av billettane vert selde i døra, om der skulle vere att nokon.

- Då det vart arrangert Påskerock av Musikk i sentrum i april vart det utsolgt for billettar, rockeinteressa er stor i Ørsta! Det ser vi også no, og det er ikkje kvardagskost at eit band som Backstreet Girls kjem til bygda vår. Folk veit å setje pris på tilbodet, og det er vi sjølvsagt glade for, seier kulturhussjef Janne M.G. Skarstein i ei pressemelding.