Synnøve Marie Sætre (27) frå Ørsta er nytilsett formidlar i Ivar Aasen-tunet. Dette skriv Aasen-tunet i ei pressemelding.

Sætre har dei siste åra opphalde seg i Oslo, der ho har gått lektorprogrammet ved universitetet med vekt på historie, nordisk og pedagogikk. Ho held no på med ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Somme kjenner kanskje også Sætre som engasjert leiar for Norsk Målungdom (NMU).

– Medan eg budde i Ørsta var eg passiv medlem i NMU, men då eg flytta til Oslo og byrja på universitetet møtte eg motstand som nynorskbrukar. Det gjorde at medvitet blei vekt, seier ho. Sætre trur ho kan dra nytte av denne negative røynsla, gjennom å gjere elevar som bur i det nynorske kjerneområdet meir medvitne om språket sitt.

I arbeidet for NMU har Sætre reist rundt i heile Noreg og snakka med elevar om språk.

– Eg har møtt mange positive elevar. Dei er interesserte og synest det er kjekt å lære om nynorsk på ein annan måte enn den vanlege undervisninga. Nokre av dei har nok lite forståing for kvifor dei skal lære sidemål. Då har det vore kjekt å kunne forklare dette, seier ho.

Som formidlar i Aasen-tunet får Sætre også ansvaret for å koordinere og setje i verk turnear i Den kulturelle skulesekken. Ho meiner at målet her er å gi elevane eit godt møte med språket, uavhengig av kva språk ein sjølv har, men også at ein skal kunne reflektere rundt kva språk eigentleg er.

– Eg ønsker å setje nynorsken inn i ei større samanheng med all verdas språk. Den norske situasjonen med fleire språk er normalen, og dei fleste land i verda klarer å vere fleirspråklege, seier ho.