Denne gongen er arenaen Kapteinskvia, med perfekt utsikt mot fjellheimen i fjorden. Det er ikkje tilfeldig.

– Vi skal syne «Touching the Void, som av mange vert kalla tidenes beste klatrefilm. Då tenkjer vi ramma her på Kapteinskvia vert perfekt, seier Regine Aklestad i Hjørundfjord filmteater.

Filmteateret på Sæbø er no inne i sitt tredje år, og har vist at kreativiteten mest har ingen grenser. Tidlegare år har det vore utekino og stumfilmkonsert. Denne hausten vert ikkje noko unnatak.

I tillegg til utekino på Kapteinskvia den 28. oktober, vert det ei framsyning av dokumentarfilmen og Gullbjørnen-vinnaren Havet brenner på Sæbø bedehus. Det vert framsyning av fjorårets store musikal, La-la-land, og der filmteateret inviterer folk til å ta med seg strikketyet, og strikke i takt med songane.Det vert framsyning av klassikaren «Citizen Kane», av mange kåra som verdas beste.

Hovudsatsinga vert likevel utekinoen på Kapteinskvia, der det vert invitert til ein heilkveld med grilling og foredrag før sjølve filmframsyninga. Tindevegleiar Sverre Hjelmeland vil vere til stades for å fortelje om filmen og fjellklatring.