Sommarljom-festivalen vert i år arrangert for 6. gong, med Audun Ellingsen og Karen Rosenberg Olsen i spissen.

Festivalen går frå 27.-30. juli.

- Vi gler oss veldig, og er utruleg stolte over det vi har å tilby i år. Det er eit variert program med høg kvalitet, sa Karen Rosenberg Olsen, då festivalen opna med naustkonsert i Bogafjøra torsdag.

Torkjel Bruland Lavoll, Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola og GIRL stod for musikken.

- Dette er den mest eksotiske staden eg har spelt, helsa Juhani Silvola.

Torkjel Bruland Lavoll opna det heile med ulike låtar på hardingfele.

- Det finaste instrumentet som finst, både når det gjeld utsjånad og lyd, sa Olsen.

Lavoll fortalde at det er 32 ulike måtar å stemme fela på - og han brukte for høvet "trollstilt", så med det opna Sommarljomfestivalen med trolsk stemning i Bogafjøra.

- Ein spennande festival. Eg gler meg til resten av det som skal skje denne helga, helsa Lavoll.

Eldsjelene bak Sommarljom-festivalen, Audun Ellingsen og Karen Rosenberg Olsen. Foto: Janne-Marit Myklebust
Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola. Foto: Janne-Marit Myklebust
Fullsett Boganaust. Foto: Janne-Marit Myklebust
GIRL. Foto: Janne-Marit Myklebust