Den femte utgåva av Sommarljom vert arrangert frå 27. juli til og med 30. juli. I år som i fjor vert festivalen over fire dagar, og aktivitetane er sentrert til Ørsta sentrum.

– Vi kjem til ha ein kveld i eit naust i Bogafjøra, ein kveld på Hotell Ivar Aasen og ein kveld i Kunsthuset. Vi prøver å bruke ulike lokale i Ørsta, og det er ei blanding av tilreisande og lokale artistar som står på konsertprogrammet, seier Ellingsen.

Ine Hoem, indiebandet Girls, strykekvartetten Oslo Strings som og vart nytta i seriesuksessen Skam, Austestad, Stig Ulv, Erlend Slettevoll trio og Torkjel Bruland Lavoll er nokre av artistane som vert å sjå under Sommarljom i år.

– Her skal vere noko for kvar og ein smak, og det er ei god blanding av jazz, pop, akustisk og klassisk musikk.

I fjor vart det arrangert musikkverkstad under festivalen, og det vart ein stor suksess.

– Nytt i år er at det blir ein eigen familiekonsert retta mot barn, i tillegg til musikkverkstaden for barn. Familiekonserten vert med Løkki som har vore nominert til Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk. Både familiekonserten og musikkverkstaden vert på Kunsthuset. Musikkverkstaden var svært populær i fjor, og det kom endå fleire enn vi hadde tenkt.

Sommarljom vart arrangert som todagarsfestival for fyrste gong sommaren 2013, men festivalen er ei forlenging av sommarkonsertar som har blitt arrangert i Ørsta sidan 2011. Firedagarsfestivalen har fått rotfeste og er i vekst.

– Vi har vore veldig nøgde med publikumstala. Vi er framleis ein liten festival, men det har vore bra auke i talet på besøkande. Ordet spreier seg og det er fleire som spør og er interessert i festivalen no enn for nokre år tilbake.

Særpreget til Sommarljom er intime og akustiske konsertar.

– Dette vil vi halde på. Difor vil vi aldri få eit kjempestort publikum, men vi ønskjer eit stort publikum i tråd med våre formidlingstanke, seier Ellingsen.

Arrangørane bak Sommarljom ser no at dei når publikum utanfor Ørsta og Volda.

– Festivalen er i stor grad basert på dugnad og vi held på fordi vi tykkjer det er kjekt. Oppmodinga vår er å ta del. Her er truleg artistar som ein del kjenner og nye artistar publikum kan få mykje glede av.

Sommarljom: Audun Ellingsen og Karen Rosenberg Olsen står bak Sommarljom. Eldsjelene meiner at det skal vere noko for kvar og ein smak under årets festival, og har von om at mange legg turen innom dei ulike arrangementa i slutten av juli. Pressefoto Foto: Pressefoto