Orda tilhøyrer Claire Haywood som er vokalist i det britiske bandet Young Romance. Saman med gitarist Paolo Ruiu vitja dei Bjørke for første gang under Indiefjord i helga. Laurdag fekk dei oppleve den norske naturen på nært hald då dei vart med Ivar Mork på vandring til Tyssefossen, og søndag stod bandet på scena på Haukly.

– Indiefjord er ein fantastisk festival og Bjørke er ein fantastisk plass. Det er definitivt eit ønskje frå oss å kome tilbake hit ved eit seinare høve, seier Haywood.

Den fjerde utgåva av Indiefjord vart offisielt opna fredag kveld, og gjennom helga har lista med aktivitetar og konsertar vore fullpakka. Gratiskonserten i Notanaustet er fast på programmet til Indiefjord, og også i år var det mange som hadde lagt turen til det karakteristiske naustet. Barista Erik Strandabø tok seg ein kort pause frå kaffibrygginga, leita fram ukulelen og sette tonen for Indiefjord 2017. Aleksander Goksøyr og Gard Eirik Austrheim frå Skapsmak følgde opp og fekk fram både smila og bevegelsen i publikum. Britiske Brutalligators sjarmerte publikum før Eid spelemannslag avslutta konserten med norske folketonar. Lucy Chamberlin frå London og Juana Camacho-Otero frå Bogota er begge busett i London, men hadde valt Bjørke og Indiefjord som destinasjon for helga. Dei storkosa seg på konserten i Notanaustet og hadde berre lovord om festivalen inst i Storfjorden.

– Vi elskar å vere her, og det er berre å sjå deg rundt for å ta inn alle inntrykka og sjå kor flott det er.

For venninnene, som begge er tilknytt NTNU, var det første besøket både til festivalen og Bjørke.

– Vi hadde eit ønskje om å sjå naturen, innsjøen og alle banda, seier Camacho-Otero

Gjennom helga var det både bading, fjellvandring, mange konsertar og nye kjennskap for venninnene.

– Alle banda som er her elskar å halde på med musikken sin, og det kjem klart fram. Vi er her for å støtte dei, få nye kjennskap innan musikken og høyre nye band frå m.a. Noreg, Skotland og England, seier Chamberlin.

Kveldsprogrammet på Haukly laurdag var utselt og søndag strøymde festivaldeltakarane til Bjørke kyrkje. Matt Stead og Rob Ash gav ein stemningsfull start på ein litt grå festivaldag vêrmessig. Mahtab Afrikan og Beathe Leren i den norske duoen Indiana’s Loss målbatt ei fullsett kyrkje med sine songar og stemmer.

Slagordet til Indiefjord er å ta med seg indiepopen til fjordane, og det klarer festivalen til gangs. Under festivalen er det ei internasjonal stemning over Bjørke og det får også gjestane oppleve.

– Minifestivalar er skikkeleg i vinden, og det som er artig med festivalen her er at den er så internasjonal. Vi kom hit fredag og vart kjende med folk frå Polen, Columbia og London, seier Trond Agnar Ulstein som hamna på Indiefjord saman med kameratgjengen litt tilfeldig.

– Vi skulle eigentleg til Bjørke for å gå på Bjørkehornet, men då vi kom hit fann vi ut at det også var festival. Personleg valde eg då å prioritere festivalforma framfor å gå på fjellet, seier Ulstein som er frå Ulsteinvik og bur i Bergen.