Den fjerde utgåva av Indiefjord vart sparka i gang fredag kveld. Musikk- og aktivitetsprogrammet starta laurdag, og som ved dei tre tidlegare festivalane var det også i år gratiskonsert i Notanaustet. Med godt vèr og sommarvarme var det mange som hadde teke turen for å høyre på Eid Spelemannslag, Alexander og Gard frå Skapsmak, Erik Strandabø og britiske Brutalligators.

Kveldsprogrammet laurdag er utselt på Indiefjord, men søndag er det framleis nokre ledige billettar att. Det skjer mykje på dagtid også søndag med m.a. konsert i Bjørke kyrkje og Bakketunet.