Det seier John Inge Leira Bjøringsøy, som i helga saman med Britt Elise Skram frå Vikebukt gjekk til topps i Open klasse under Landskappleiken på Røros.

Folkemusikkonsept

Han og felespelar Skram er i ferd med å arbeide fram eit folkemusikkonsept dei skal turnere med til hausten. Det var for å promotere dette prosjektet dei reiste til Røros og Landskappleiken, og då dei først var der, melde dei seg like godt på i tevlinga.

– Vi stilte i open klasse fordi mitt instrument, trøorgel, ikkje vert definert i noko eiga klasse. Det var tolv innslag i klassa, og vi vart noko overraska over at vi gjekk til topps, fortel John Inge.

Særsvip

Dei to utgjer saman med Anna Gjendem gruppa Særsvip. Gjendem er dansar, og skal også vere med på konsertturneen til hausten. Men då ho under Landskappleiken også var dommar, kunne ho ikkje vere med i sjølve tevlinga.

Det heile enda med at Britt Elise Skram og John Inge Leira Bjøringsøy vann open klasse med ein vals frå Nordmøre og ein bånsull frå Stordal. Dette var dessutan den aller fyrste gongen Særsvip stilte på ei scene.

– Ja, dette var ikkje venta, seier Leira Bjøringsøy.

Landskappleiken

Folkemusikarar og -dansarar frå heile landet var med på Landskappleiken på Røros. Under Landskappleiken vert dei beste utøvarane i landet innan tradisjonell folkemusikk og – dans kåra.

Landskappleiken er den store hendinga for folkemusikk og folkedans i Noreg. Heile 1.200 deltakarar var i år påmelde for å kjempe om siger i klassar som hallingdans, hardingfele, langeleik, lagdans og mange fleire. I løpet av fem intense dagar på Røros vart vinnarane kåra.

– I Noreg har vi ein unik musikktradisjon. Kvart distrikt har sine musikalske dialektar, tradisjonar og historier. På Landskappleiken får du Noregs folkemusikktradisjonar i eit nøtteskal, fortel kappleiksrådgjevar i FolkOrg, Ingrid Schei Stuhaug.

3000 tilreisande

I tillegg til aktive musikarar og dansarar, kjem om lag 3000 tilreisande årleg til Landskappleiken, som er den største og viktigaste møteplassen for folkemusikken i Noreg.

No er Landskappleiken historie for Leira Bjøringsøy og Skram. Og saman med Gjendem skal dei arbeide ferdig ein dansekonsert. Han skal vere basert på lokal musikk, og dei tre skal med gruppa Særsvip på turné i Møre og Romsdal frå slutten av oktober.

Kulturell spaserstokk

– Vi skal mellom anna inn under ordninga med den kulturelle spaserstokken til fylkeskommunen. Det vil seie at vi skal reise rundt på eldreinstitusjonar og spele der, fortel John Inge.

Han har lenge halde på med folkemusikk, men det er fyrst det siste året at det har vorte alvor, og ein viktig del av arbeidet hans.

– Eg har tre trøorgel ståande i låven på Leira, og som eg øver på, fortel den ferske noregsmeisteren.