Verda vender nasen mot Bjørke under Indiefjord

– Då vi starta festivalen trudde vi at det var for sært for lokalbefolkninga, men no har også dei lokale fått øyra opp for denne typen musikk.

notanaustet: Konserten i Notanaustet har blitt tradisjon under Indiefjord-festivalen. Laurdag 15. juli opnar den fjerde utgåva av festivalen på Bjørke. Arkivfoto  Foto: Janne-Marit Myklebust

Alltid overraskingar: Festivalleiar Silja Haddal Mork seier at Indiefjord-publikummet alltid får med seg overraskingar under festivalen, og slik blir det truleg i år også. Arkivfoto  Foto: Janne-Marit Myklebust

Kultur

Det seier Silja Haddal Mork som er primus motor og festivalleiar for Indiefjord på Bjørke. I år vert festivalen arrangert for fjerde året på rad og alt er i rute til festivalopninga laurdag 15. juli.

– Programmet er ganske så spikra, men vi er ein gjeng som alltid kjem på nye idear i siste liten. Det kan vere at noko dukkar opp i år og som vi prøver å slenge på programmet.

Indiefjord-programmet er fullpakka ifølgje Haddal Mork, men det kan framleis kome bonuskonsertar.

– Vi har eit par ting som kan bli stadfesta, og det er slik at Indiefjord-publikummet alltid får med seg nokre overraskingar.

Som tidlegare år er det artistar frå heile verda som har Bjørke som destinasjon under Indiefjord. Frå USA kjem Pale Lights, frå Hongkong kjem Edine & friends, Kid Canaveral kjem frå Skottland, Young Romance frå England og frå Wales kjem Sam Airey. Fem av banda som står på scena under Indiefjord i år kjem frå Sverige, i tillegg er det fleire norske artistar som Simen Mitlid og Trist Pike. Pågangen frå band og artistar som vil til Bjørke under Indiefjord har vore aukande etter kvart som festivalen har blitt meir kjent.

– Det er rett og slett eit luksusproblem for meg som bookingansvarleg, og det er mange og bra søknader om å få spele under Indiefjord.

Engasjementet for å få til ein god musikkfestival på Bjørke er det ingenting å utsette på, og i år får publikum moglegheita til å få eit nærare innblikk i kva som skjer i bygdene rundt Hjørundfjorden. Nytt av året er guida tur og vinsmaking på Haula Vingård på Viddal. Hjørundfjord filmteater vil ha framsyning av stumfilmen The Kid med Charlie Chaplin med levande musikk. Det vert og morgonyoga i Notanaustet og sjakkturneringa Indiechess.

– Langs Hjørundfjorden er dugnadsånda utruleg stor og det er utruleg mykje spennande som skjer. Det er kjekt å få kople bygdene saman og difor har vi teke initiativ til programpostar som gjer akkurat dette. Det kjekkaste med festivalen er det lokale engasjementet, og det gjer det og lettare å arrangere Indiefjord.

Som under tidlegare festivalar vert det konsert i Notanaustet, i Bakketunet og Bjørke kyrkje, i tillegg til fossevandring til Tyssefossen.