(smp.no): Til hausten kjem Maria Parr (36) si tredje bok. «Keeperen og havet» er ein frittståande oppfølgjar til Parr si debutbok «Vaffelhjarte» frå 2005. «Tonje Glimmerdal» kom i 2009.

– Det er no nesten hundre år sidan sist eg gav ut bok, så eg har kjent litt på at det er godt å ha med seg noko nytt til festspela denne gongen, ler Parr.

Programleiar

Under Dei nynorske festspela skal barnebokforfattaren frå Vanylven lese frå den nye boka si, på eit arrangement i Ørsta folkebibliotek laurdag. Seinare same dag skal Parr og festspeldiktar Lars Mæhle samtale med Marit O. Kaldhol om barne- og ungdomslitteratur. Parr skal også vere programleiar for familiekonserten «Tonen i kvardagen» på fredag.

– Eg har teke del i Dei nynorske festspela fleire gonger før, både som deltakar og tilhøyrar. Det er alltid kjekt, synest 36-åringen.

Det er nokre månader sidan «Keeperen og havet» var ferdig frå Maria Parr si hand. For forfattaren verkar det lenge sidan allereie, og ho synest at ventetida fram til boka kjem ut er litt rar – det er mest som eit vakuum.

– Mange spør som du om eg har noko nytt på gang, og eg skjønar det ikkje heilt. Eg er så nøgd med å ha gjort boka ferdig, eg har gjort eit krafttak og no nyt eg å ha ein roleg periode. Dessutan har eg nok av andre ting å styre med, smiler ho.

Identitet

Parr har tidlegare reist rundt og besøkt skular med Den kulturelle skulesekken, og det skal ho også gjere til våren.

– For meg er formidling og det å lese høgt for born ein like stor identitet som det å skrive. Når ein les høgt gir ein forteljinga til alle som høyrer på, og det synest eg er både kjekt og meiningsfullt.

Sjølv om nyeboka ikkje er klar før i august, så har Maria Parr lurt seg til å prøve ut deler av teksten på skuleelevar på Giske.

– Når ein skriv barnebøker, er ein i ein lang prosess der ein stort sett har berre med vaksne å gjere. Men eg fell ikkje heilt til ro før eg har fått presentert stoffet mitt for dei det gjeld, forklarer ho.

Av Hild Nordal/Sunnmørsposten

Saka vart først publisert på smp.no.