Dette er den mest elektriske plata ørstingen har laga, men sleppkonserten på Rockefeller 23. august blir likevel straumlaus (akustisk).

Den nye plata, «You and me against the world», er ifølgje Olsen sjølv eit opplyftande og energisk album med lidenskaplege låtar.

– Det er eit album om uovervinneleg kjærleik i ei gal, gal verd. Det er optimistisk og romantisk, med ein litt hard og apokalyptisk undertone – men bak rocken og rollen er det som regel ei vakker lita vise, so det blir veldig fint å framføre dette akustisk. Straumlaust. I utgangspunktet er trass alt dei fleste songane skrive på ein gamal kassegitar, seier han i ei pressemelding.

Egil Olsen er av Dagens Næringsliv omtala som ein av dei beste låtskrivarane i landet, og Dagbladet har kalla låtane hans «hinsides vakre».

– Eg har covra både hip hop og rockelåtar og har ein tendens til å gjere det om til små, minimalistiske og fine versjonar på akustisk gitar. På den nye plata mi, snudde eg dette på hovudet og tok mine eigne minimalistiske og akustiske demoar og gjorde dei om til store, elektriske rockelåtar, seier han.

Olsen har også laga ein ny musikkvideo, der han tek oss med på kjøkenet sitt, lagar ein kopp capuccino og spelar inn ein akustisk demo. Demoen vart seinare til den splitter nye rock’n roll-singelen «Pretty Brutal World». Videoen er tilgjengeleg på YouTube, og den rocka studioversjonen ligg på Spotify.

Sjå den nye musikkvideoen øvst i denne saka.

Ny plate: Ørstingen Egil Olsen kjem med si første rockeplate i sommar. Foto: Rune Sæbønes