– Pågangen frå kunstnarar som vere ein del av Kunstgata i år har vore bra. Alle kunstnarane som skal stille ut er frå distriktet, og dei er ivrige etter å få vise fram kunsten sin. Totalt så har vi over tjue ulike kunstnarar som tek del i Kunstgata, seier Syver Nupen, Evy K. Innselset og Carl-Åge Henriksen.

Det er dei næringsdrivande i Vikegata som inviterer til kunstgate i sommar, og i år er det fjerde året på rad kunstgata vil vere open. Initiativtakarane har god tru på at Kunstgata i år skal vere endå meir interessant både for ørstingar og tilreisande. Det er ordførar Stein Aam som vil stå for den offisielle opninga av Kunstgata komande torsdag.

– Opninga blir nedom Svendsengarden, og utstillingane blir i dei ulike butikkane i gata. Alle dei næringsdrivande har stilte seg positive til å låne vekk eit vindauge til utstillingane, og det har ikkje vore noko problem å få tak nok utstillingsplass.

Etter opninga vil det bli oppmoda til samla gonge rundt til dei forskjellige utstillingane, og kunstnarane blir og oppfordra til å møte opp og fortelje litt om kunsten sin.

– Det vil og vere servering av kake og vi får besøk av Labb og Line. Det som står att no er å fordele dei ulike kunstnarane i lokala og vi kryssar fingrane for godt vêr under opninga.

Om det skulle vere nokon fleire som har lyst til å del i utstillingane er det ikkje for seint å melde si interesse.