Ungdomshuset i Åmdalen var laurdag pynta til fest då Åmdalskoret Berre Damer inviterte til jubileumsfest. Gjennom dei femten år koret har eksistert har dei fått eit trufast publikum som dei er veldig takksame for. Ikkje ein stol var ledig då klokka slo fem og jubileumsfesten tok til.

– Vi har teke på oss fuglemasker og kika litt på dei femten siste åra. Då dukka det opp litt av kvart. Vi har sunge oss over land og strand, vi har hatt kabaretar, konsertar og vi har vore på songarstemne, framsyning på Hurtigruta og vi har vore på Muritunet, Haugsbygda, Eiksund og ut på Sandsøya. Lokalt har vi sunge på institusjonar og vi har hatt herskapeleg aftan, sommar- og julekonsertar. Vi kan ikkje ta med alt, men vi har lyst til å ta de med på eit lite tilbakeblikk, sa Ester Torgersen som saman med Wigdis Åm leia publikum gjennom kvelden.

Åmdalskoret Berre Damer har vore songfuglar gjennom dei siste femten åra, og saman med songen er latter eit viktig stikkord for dei 27 damene i koret. Under jubileumsfesten fekk publikum eit tilbakeblikk på snobbedamene og komplikasjonane for hønemor og hanefar under klekkinga av eit egg. Om latter er eit stikkord innad i koret smittar det gode humøret raskt over på publikum, og lattermusklane fekk verkeleg trimma seg under jubileumsfesten.

Gjennom koret si historie har spennvidda i repertoaret stadig blitt utvida og Ungdomshuset i Åmdalen vart fylt med både islandsk, norsk og afrikansk musikk. Midtvegs i programmet vart det servering av rømmegraut og kaker, og eit stort gåvebord vart tømt gjennom eit humørfylt åresal og gåvetrekning. Åmdalskoret Berre Damer kan kunsten å trollbinde eit publikum og veit kva knappar dei skal trykke på for å levere god underhaldning. Om humøret skulle ha vore dårleg før jubileumsfesten laurdag var det i alle fall berre smil å sjå då feiringa var over, og det er nok mange som vonar at minst blir femten nye år for humørspreiarane.

– Tusen hjarteleg takk. Dokke er eit fantastisk publikum, og det er alltid kjekt å treffe dokke igjen. Eg vil takke for i dag og ynskje dokke ein god sommar, sa Torgersen avslutningsvis.