Han er lærar i Ørsta kulturskule, og er også frilansmusikar med bandoneon som hovudinstrument.

Sist onsdag var han med på kulturskulen si sesongavslutning på Urke. Der såg han at elevar frå Norangdal, Urke og Sæbø m.a. framførte det dei har lært siste året for eit talrikt publikum.

Men kvelden var ikkje over for Skatvedt Robak, for neste post på programmet var konsert med koret LYST på Leira, i den nyoppussa Jensaløda, der John Inge Bjøringsøy held til. Utfordringa var å kome seg til Leira i god tid før konsertstart, for lydprøver og kostymeskifte måtte til.

Då var det å reise i open båt frå Urke til Leira. Heldigvis var vêret fint og fjorden roleg, slik at instrumenta heldt seg tørre.

– Det gjekk fint. Eg har hydrometer i fiolinkassa, og såg på instrumentet då eg kom i land at fukta var så låg som ho skulle vere, seier Skatvedt Robak.

Han vedgår at det å vere kulturarbeidar til tider kan vere travelt, men det har mykje med sesong å gjere.

– Slik eg held på, der eg er mykje frilansmusikar, er eg med på prosjekt der det er konsertar fram i mot sommarferien og fram i mot juleferien. Då kan det vere hektisk. Nyleg kom eg rett frå tangokonsert i operaen i Kristiansund til konsert i Aksnesløda i Dalsfjorden, fortel han.

Skatvedt Robak har tretti prosent stilling som lærar i Ørsta kulturskule.

Tryggleik

– Det gjev meg tryggleik, samstundes som eg har nok tid til å vere frilansmusikar. Eg har mykje arbeid for operaen i Kristiansund og operaen på Nordfjordeid.

Sommaren er festivaltid, men slik Skatvedt Robek legg opp arbeidet sitt, er sommaren også ferietid.

– Det kan verte nokre konsertar, men eg satsar mykje på å vere knytt til ymse orkester. Då vert det sesongbasert, fortel han.

Når det er fleire parallelle prosjekt, handlar det om å lese ferjetider og rutetabellar.

– Men onsdag fekk eg verkeleg ei utfordring, då det er smått med offentleg transport mellom Urke og Leira. Men det løyste seg, og at eg også nådde lydprøva, var flott, fortel musikaren.

Han er godt nøgd med gjennomføringa av både kulturskulekonserten på Urke, der elevane fekk vist seg fram, og med konserten med LYST i Jensaløda.

Jensaløda: Øyvind Skatvedt Robak avslutta med å spale bandenon under konserten til LYST i Jensaløda på Leira. Foto: Rune Sæbønes
Kulturskuleavslutning: Øyvind Skatvedt Robak (t.h.) saman med deltakarane på kulturskuleavslutninga på Urke. Foto: Rune Sæbønes