– Vi har øvd ganske lenge på dette syngjespelet, og spesielt intensivt har det vore dei to siste vekene. Det har mest vore slik at elevane har vorte litt lei, men eg er imponert over kor flinke dei var i dag, fortel Annette Dagfinrud, som har vore musikalsk ansvarleg for prosjektet.

Ein snakkande skog

I den levande skogen får publikum vere med inn i ein skog som snakkar, dansar og ler, og der det er harmoni mellom tre og dyr. Der er tre i alle aldrar, som det gamle bestemortreet som snart skal hoggast for å bli til noko nyttig for menneska samstundes som det skal verte lysare i skogen og gje betre vekstvilkår for nye små tre. I framsyninga får trea i skogen besøk frå ein harefamilie, og der trea fortel korleis dei har vorte til.

Og dei får besøk av nokre menneske der dei vaksne rotar. Trea skremmer vekk inntrengjarane, og til slutt vert foreldra så redde at dei rømmer tilbake til campingvogna si. Ungane søv vidare og opplever fine sider ved naturen. Bodskapen i spelet er at det er viktig med ein levande skog for både dyr og menneske.

To framsyningar

Åmås friskule hadde to framsyningar torsdag. Ein for borna i Dalane barnehage og elevane ved Ørsta opplæringssenter på dagtid, og for foreldre, besteforeldre og anna familie på kveldstid.

Då det var framsyning på dagtid, var det ein del yr og regn, men elevane brydde seg mest ikkje, og framførte stykket med stil.

Generalprøve

– Eigentleg vart dette som ein generalprøve for oss, for vi har ikkje fått øva slik vi har ynskt. Fordi det har vore mykje dårleg ver siste veka, har vi øvd mykje inne. Og vi har ikkje vore her i tunet så mykje vi har ynskt, fortel Dagfinrud.

Ho var med på å framføre Den levande skogen som elev ved Dalane (Brautaset) skule, og kunne alle melodiane sjølv frå den gongen.

Åmås friskule framførte Den levande skogen sist for fem år sidan. Stykket vart skrive på byrjinga av 1990-talet, og etter at Hedmark teater turnerte med det, har det vorte allemannseige i skulen.

Dagframsyning: Publikum til dagfrmsyninga kom frå Dalane barnehage og Ørsta opplæringssenter. Foto: Rune Sæbønes
Harar: Harefamilien fekk høyre historia til den levande skogen. Foto: Rune Sæbønes