Ballettskulerektor Synnøve Rekkedal Hill var rørt til tårer av prestasjonen dei 360 elevane frå Ørsta og Volda la ned i vårens vakraste eventyr søndag – aldri før har ballettskulen gjennomført eit større show.

Kulturhuset i Ørsta er stengt for renovering, og ballettskulen leigde difor operahuset i Eid. To gonger fylte ballettskulen salen, som rommar 500 publikummarar. Dansepedagogane hadde sett seg svært høge mål for årets show, som tok publikum med på ei reise i kunsten. Alle elevane dansa kvar sine kunstverk, der dansen også var ein kunst i seg sjølv. Frå dei minste ballerinaene i rosa tyll, til dei eldre og meir erfarne. Totalt 28 ulike dansar. Det er eit enormt arbeid som ligg bak, i alle ledd. Frå øvingar til logistikk. Men det er verdt det, ifølgje Hill.

– Dans, og det å jobbe mot ei framsyning, eit mål, det er ein lærdom for livet. Du må jobbe hardt for å oppnå resultat. Det er noko du kan ta med deg vidare i livet, i alle samanhengar. Det er venta at du står på og at du leverer. Når elevane vert eldre og skal opp til eksamen eller ut i arbeidslivet, då kan dei drage fram nakkekjensla frå den gongen dei stod på scena. Det er forventa i dag at dagens unge kan stå uredde framfor eit stort publikum. Dessutan er noko av det beste med dansen, at det er plass til alle. Alle får sin del av rampelyset.

Synnøve Rekkedal Hill bruker store delar av fritida si på ballettskulen.

– Eg kunne ikkje ha gjort dette utan all støtte og hjelp frå mannen min, Rick. Eg er 64 år no, og seier at eg skal halde fram til eg er 70. Men Rick meiner at vi må halde fram så lenge vi klarer å gå, seier ho og ler hjarteleg.

Og innsatsen frå Hill går ikkje foreldra til elevane forbi.

– Ho er heilt fantastisk. Eit unikum. Kva hadde ballettskulen vore utan Synnøve? seier Marianne Hauge Kriken og Aslaug Nerland Halkjelsvik, som for høvet har sett seg til i korridoren på operahuset med kvar sitt strikketøy, medan dei ventar på dansarane sine.

– Ho er uunnverleg, og legg ned ein enorm dugnadsinnsats, og det utan å ha ungar med i ballettskulen sjølv. Ho fortener all ros i verda for innsatsen, og det at ho gir barna våre sjansen til å oppleve dette.

Linn Janett Driveklepp Øye er samd. Også ho har ei dotter som er med og dansar.

– Eg er heilt stum av beundring. Dette var eit heilt fantastisk show. Det burde finnast fleire prisar å dele ut i Ørsta og Volda, for Synnøve Hill fortener kvar einaste ein av dei.