Ørsta-bandet Pikekysz hadde hektiske dagar i starten av mars då var i gang med innspelinga av musikkvideo til songen Kings and Queens. Songen har fått speletid både på P3 og Radio Ålesund, og no er bandet klar med sin første musikkvideo. Tankane om ein musikkvideo vart ein realitet då bandet kom i kontakt med Jiri Nagy. Multikunstnaren frå Tsjekkia fekk mange lov ord under innspelinga av musikkvideoen, og bandet rettar igjen takk og skryt til Nagy for samarbeidet.

Les også: – Vil få fram bodskapen i låten