Dei seks banda er Ovërhead, The Clinton Experience, Sunnmøre Baarelag, My Descending Ark, Kolabruise og High Voltage

– Det har vore litt stille på rockefestivalfronten i Ørsta og Volda dei siste åra, og med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som eit perfekt festivalområde, må dette berre bli suksess, seier optimistiske arrangørar.

Arrangørane er Kristin Riise og Maria Maude saman med Christian Gaard. Dei to damene meinte det var på tide å få til ein ny rockefestival i Ørsta.

– Vi er glade i å reise på konsertar, og glade for at noko skjer. Vi har lyst til å få folk ut. Eg har vore på Trandal i mange år tidlegare, og ser kor flott der er å ha konsert, fortel Kristin Riise.

Ho fortel at lokale band og støttespelarar har vore positive frå første sekund.

– Det er fantastisk å oppleve så mykje goodwill blant folket i bygdene våre, seier Riise.

Fleire band frå nært og fjernt har vore interesserte i å spele på festivalen,.

– Då vi har så mange dyktige artistar, “tighte” rockeband og rå musikk her i fjordane, prioriterer vi lokale band dette første året, fortel Riise.

Saman med dei lokale banda har arrangørane fått med Ovërhead frå Kverneland. Det er eit tributeband til Motörhead, så likt som orginalen som det går an, vert det sagt.

Bandet har turnert i Noreg kvart år sidan 2007, og spelt inn to cd-ar med sine Motörhead-favorittar, og som har fått strålande kritikk.

Volda-baserte The Clinton Experience starta i 2008, og har hatt noverande besetning sidan 2012. Dei leverer melodiøs, gitarbasert rock. Eigne låtar, speleglede, tøffe riff, store refreng og overraskande kombinasjonar i tett samspel har vorte kjennemerker for bandet.

Sunnmøre Baarelag står for rutinen. Bandet som har halde på sidan 1980, kom med langspelplate seinast i fjor. Bandet har gjeve ut plate i kvart einaste tiår sidan starten, og rekna som veteranane i sunnmørsrocken, og som ein pioner med å syngje på dialekt.

My Descending Ark er eit Volda-basert band som har spelt konsertar rundt i Norge i snart 5 år. Bandet har spelt inn to EP’ar som ligger ute til streaming, og held for tida på med innspeling av debut-plata, som vil bli utgitt på vinyl.

Bandet likar å ta konsertpublikumet med på ei reise, og ynskjer å få fram stemningar og kjensler.

Kolabruise frå Ørsta kom med debut-EPen i 2011, Bruise Machine. I 2013 var dei på ny i studio, og spelte inn ni låtar, både nytt og gammalt. Dette materialet er det plan om å gje ut i 2017.

KOLABRUISE spelar tung, semiprogressiv grønsjmetal, men følgjer aldri gjeldande trendar, og vert heller aldri utdatert.

High Voltage er eit band frå Ørsta med medlemmar frå m.a. Stingray, Pinapple Express og Chasm, og spelar AC/DC-låtar frå tida med Bon Scott som vokalist. Bandet blei starta av Kåre Myklebust i 2003. Dei vart fort publikumsfavorittar på dei lokale scenene med eit forykande show og gjorde ei rekkje konsertar lokalt og i landet ellers. Bandet var mest aktiv dei påfølgande åra, men har gjort sporadiske konsertar etter dette.

Trandalrock opnar festivalen kl. 15.00 laurdag, og det vert konsertar utover heile ettermiddagen og kvelden.

Det er organisert båtskyss både frå Sæbø og Ålesund. Informasjon om Trandalrock kan publikum finne på trandalrock.no.

Veteranar: Sunnmøre Baarelag står for rutinen under Trandalrock. Foto: M. Lystad Johansen