– Då vert det skikkeleg sommarfest fram på Åmdala’!

Dirigent Janne M.G. Skarstein, Ester Torgersen og Wigdis Åm ler hjarteleg.

Torgersen og Åm har fått ansvaret for å organisere og delegere for å få sommarfesten i stand til laurdag 17. juni. Det gjer damene med stil. Dei er erfarne. Koret er kjent for meir enn song. Humor er viktig, og dei byd på seg sjølv gjennom både sketsjar og kabaretar, og er vekkskjemde med eit publikum som gladeleg stiller opp når koret står på scena. Dei leverer kvar gong.

Latter

Latter er eit viktig stikkord for dei 27 damene i koret. I tillegg til å trene stemmebanda, får også magemusklane ein god omgang kvar tysdag når dei er på øving.

– Vi har det kjekt saman. Det er livet det her, seier Torgersen, om kor viktig koret er for henne.

Janne M.G. Skarstein har vore dirigent sidan 1998. Den gongen var Åmdalskoret eit blandakor, starta på midten av 1980-talet.

– Eg byrja med å synge i 1996. Eg hugsar mi første øving. Eg hadde med meg både kryssord og strikk. Eg var så sjenert, så eg var redd for å verte sitjande aleine i pausane.

Ho hadde ikkje trengt å uroe seg. Dei er ein inkluderande gjeng, og då dirigenten måtte gi seg to år seinare, var Janne den naturlege arvtakaren.

– Eg var yngst i koret, men gjekk musikklinja på Volda vidaregåande skule, så dei løfta meg fram. Sidan har dette vore «mitt» kor, seier dirigenten.

Damene var i klart fleirtal, og til slutt måtte dei gjere grep for å halde koret på beina.

– Vi delte oss i to. Karane var i klart mindretal, så vi laga ei eiga vokalgruppe der dei kunne vere med, og eit reint damekor. Det var ikkje eit enkelt val, men det var nødvendig. I dag er det damekoret som lever vidare.

Sommarefest

Og no er dei altså klare til å feire seg sjølve, i kjent stil, med song, humor og show.

– Vi ser på oss sjølve i eit fugleperspektiv, og har henta fram mykje kjekt frå det vi har gjort tidlegare, seier Wigdis Åm, utan å ville røpe for mykje.

Likar damene noko, ja, så kastar dei seg ut i det. Ingenting skal vere uprøvd.

– Vi gjer utruleg mykje artig saman. Men vi testar også ut ting med høg vanskegrad, for å halde oss skjerpa. Vi likar å gjere litt av alt. No ligg det også ei forventning der, frå publikum, om at vi alltid skal gjere noko ekstra, seier Skarstein.

– Vi likar å lage litt schwung, slår Wigdis Åm fast.

Ungdomshuset i Åmdalen har plass til 100 publikummarar. Koret håper der er plass til alle som vil kome.

– Alle slepp inn gratis, men vi lagar ikkje fest utan mat, så det vert høve til å kjøpe både rømmegraut, kaffi og kaker. Åresal skal vi sjølvsagt også ha. Her skal det vere både heimekoseleg, sommarleg og fint.

Dette vert siste storhending for koret, før dei no går i gang med å øve inn stoff til ein storkonsert dei skal halde på Ørsta kulturhus i mars neste år.

– Så om der er nokre songfuglar som har lyst til å vere med oss, er hausten siste sjanse i denne omgang, for å få tid til å øve inn det nye repertoaret. Men aller først no, vert det sommarfest. Vi likar å gjere folk glade, og om vi oppnår det, er også vi svært nøgde. Vi lovar noko for ein kvar smak, 17. juni!