Olga Bjørdal er innom Møre-Nytt og viser fram ei stor samling idrettsmerke, hausta gjennom eit langt liv.

– Eg gav meg for sju år sidan. Då hadde eg halde det gåande sidan eg var 36 år. Det har teke meg over 30 år å samle desse, fortel ho.

Idrettsmerket vart etablert 29. mai 1915 på eit fellesmøte i Norges Riksforbund for idrett. På det tidspunktet fekk berre menn lov til å delta. Kvinnene vart med i 1934.

Idrettsmerkeprøvene har lange tradisjonar også i Ørsta. Idrettslaget reklamerer for merket med å seie at det er eit gyllent høve for ein årleg kontroll av si eiga fysiske form. Det er også ei fin unnskyldning for fysisk trening. Alle kan ta idrettsmerket frå og med det året dei fyller 16 år. Merketakaren må då klare ei øving frå fem ulike øvingar: trim, spenst/presisjon, tempo, styrke og uthald. Øvingane er mange og varierte, og Ørsta IL Trim meiner det burde vere mogleg for alle som ønskjer det, å kunne ta merket.

– Vi var nokre husmødrer som starta saman. Vi ville vise at også vi kunne prestere innan idrett, og dugde til meir enn å vere heime og springe, fortel Bjørdal.

– Vi trente mellom anna på å hoppe i potetåkeren heime, minnast ho.

Sidan heldt ho det gåande.

– No er det ei stund sidan eg gav meg, men eg prøver framleis å vere aktiv med å gå turar og sykle. Men eg merka meg dei siste åra eg tok idrettsmerket, at det var færre og færre som møtte opp. Det er synd. Det er ein fin måte å teste seg sjølv på og oppleve meistring. Fleire burde prøve, oppmodar Bjørdal.

I Ørsta er det ØIL Trimgruppa som arrangerer eigne dagar for idrettsmerket.

Fin samling: Etter fleire år som aktiv har Olga Bjørdal fått ei fin samling av idrettsmerke. Statuetten fekk ho etter 15. gang ho tok idrettsmerket, kruset etter 20. gang og heidersprisen etter 30. Foto: Janne-Marit Myklebust