Singelen er den andre frå den komande plata «you and me against the world».

– Songen er ein sjølvbiografisk powerpop-låt om å ville ta seg saman og bli ein betre mann, om det ekstra giret ein får av å vere glad i nokon. Og om å ville vere den beste versjonen av seg sjølv, fortel Egil til Møre-Nytt.

Han fortel at musikken på den nye plata kanskje er noko ulik det han har gjort tidlegare, men understrekar at det han har gjort før, framleis er viktig for han.

– Eg er i ferd med å lage ei ganske rocka og energisk plate, og som er ein slags positiv kontrast til mi førre mørke og tunge plate, «ooo what happened». Den plata spelte eg inn i ein låvekjellar utan vindauge eller ventilasjon. No har eg veranda og ekorn utanfor studioet mitt, seier Egil med eit smil.

Responsen på dei nye singlane har altså vore gode.

– Dei har opna litt dører i eit par europeiske land og fått fin mottaking her heime. Eg er difor veldig spent og gira på å dele resten av albumet etter kvart, fortel Egil.

Om ei veke reiser han til Los Angeles for å leggje aller siste hand på plata, og mastre henne i eit studio der.

Meldingane på «Better man» har vore svært gode.

«Ørstas Egil Olsen har nettopp sluppet en singel fra den kommende plata You and Me Against the World. «Better Man» er en perle av en powerpop-låt, som skiller seg noe fra resten av katalogen til sangeren og låtskriveren. Det er friskt, energisk og oppløftende», heiter det på studentnettstaden dusken.no

Musikkbloggen.no sdkriv: ««blir du ikke lei musikk?» spør folk. og jo, det blir jeg. hver dag [...] men så dukker det opp en ny låt fra Egil Olsen (geniet fra ørsta)»

Og musikkmeldar Erik Valebrokk skriv på sin eigen blogg: Ny plate: «Det aner meg at “You And I Forever” og “Better Man” innebærer et nært forestående rockalbum fra Egil Olsen, og holder han den samme melodiske nerven som på disse to kan det bli litt av en plate. Bravo!»

Ny plate: Egil Olsen har fått ros for dei siste singlane sine, og er snart klar med ny plate. (Pressefoto) Foto: Rune Sæbønes