Det er gjengen bak Musikk i sentrum som saman med Christian Gaard står bak Påskerock på Ørsta kulturhus. Under Påskerock står dei lokale banda i fokus og på scena i år står Cold Island, Mute the Machinery, The Clinton Experience, Pikekysz, Skapsmak og Kolabruise.

– Opplegget vårt fungerer slik vi vil. Vi bestemmer oss for å ha eit arrangement, og dei lokale banda har lyst til å vere med, seier Hans Robert Bondhus.

Arrangørane er nøgde med førehandssalet til Påskerock og gler seg til 8. april.

– Vi som arrangør, banda og Christian Gaard gler oss til denne laurdagen og har tru på at det blir ein kjempekveld, seier Bondhus.