Masterstudentane i kunst, ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitetet i Bergen og Bergen Kunsthall, opnar si avgangsutstillinga triage i Bergen Kunsthall 7. april. Blant dei 26 deltakande kunstnarane er Arild Våge Berge frå Ørsta og Mari Sivertsen Norddahl frå Volda.

Våge Berge arbeider med sunnmørske kraftverk og familiehistorie tolka gjennom skulptur og fotografi. Sommaren 2016 haldt han utstillinga Nedarva Retning i Bakketunet på Bjørke der dei same tema stod sentralt.

Sivertsen Norddahl arbeider med skulptur, installasjon og performance. Ho skaper organiske former i tekstil som har ein likskap til det kroppslege, men som kjennast framande ut for kroppen. I masterarbeidet hennar har ho sett nærare på mennesket si relasjon til objektet, korleis vi rettar oss mot objekt frå tidleg alder. Samtidig stiller ho spørsmål rund objektet sitt syn på eigen eksistens – er dei i stand til sjølvmedvit? Bryr dei seg om oss?

Masterutstillinga i Bergen er open til 7. mai.