Alexander Stub stiller ut på Kunsthuset i Ørsta. Leiar i Volda og Ørsta Kunstlag, Cathrin Lid Heilund, trur at alle som kjem innom vil finne eit bilde dei likar.

– Ulike fargar, ulike storleikar, og til ein svært overkomeleg pris, fortel ho.

Alexander Stub lagar abstrakte bilde inspirert av vill og majestetisk natur. For sunnmøringar som er omgitt av slik natur i det daglege, vil det vere interessant å ta ein kik på korleis Stub sjølv opplever naturen. Arbeida er karakteristiske ved hans sterke bruk av fargar og kontrastar. Bilda er stilsikre og gnistrar og lyser i klare kontrastar mellom raudt, gult, blått og andre klare fargar.

Stub sjølv likar ikkje å vere overtydeleg i bilda sine.

– Tek du eit stykke natur, eit utsnitt av naturen, så er det abstrakt. Folk må sjølv få legge det dei vil i bilda. Så kan dei sitte i stova og kike på bilda mine, og fundere på kva vom er bak det raude. Då treng dei ikkje fjernsyn, humrar den unge bergensaren.

Titlane gir likevel eit lite hint om kva kunstnaren sjølv tenkjer om kvart verk. Her er namn som «Vårglimt», «Høst», «Polarnatten», «Mot en ny topp», «Det første snedryss» og «Da lyset kom tilbake».

Kunstnaren hentar mykje inspirasjon i fjellheimen, der han oppheld seg mykje, i alle årstider. Han lagar aldri skisser, men hentar minna fram frå hukommelsen.

Bilda er i linoleumssnitt. 35 av bilda er ramma inn, men det er også mogleg å kjøpe bilda utan ramme. I dei fleste bilda er det nytta tre til fire plater, men det er aldri før den siste plata har gått gjennom trykkpressa, at motivet kjem fram. Difor veit heller ikkje kunstnaren alltid korleis sluttresultatet vert. Opplaga er små, fordi Stub gjer heile trykkeprosessen sjølv.

Kunstnaren sjølv var til stades under opninga 24. mars, og møtte då eit svært interessert publikum. Utstillinga heng oppe til påskeaftan, 15. april.

– Det er ei utstilling til å verte glad av, seier Heilund.

Inspirert av naturen: Alexander Stub lagar abstrakte bilde inspirert av vill og majestetisk natur. – Her kan alle finne sin farge og si stemning, seier kunstnaren sjølv. Foto: Janne-Marit Myklebust
Opning: Kunstnar Alexander Stub og leiar i Volda og Ørsta Kunstlag, Cathrin Lid Heilund. Foto: Anne Ellingsen Foto: Anne Ellingsen