Nominasjonen tek utgangspunkt i Kostra-tal og er utarbeidde av Telemarksforkning. Dei ti kommunane får tildelt ein fagjury som vil basere seg på ein kombinasjon av kvalitativ vurdering og Kostra-tal.

Rådgjevar i Norsk musikkråd, Kjetil Lien Bjelke, bed om at kommunen svarar på nokre spørsmål om musikklivet. Mellom anna korleis dei vil skildre musikklivet generelt i kommunen, kva som er det viktigaste dei gjer for å tilrettelegge for det frivillige musikklivet, som kor, korps, band og orkester, om dei har målsettingar i kommuneplanen som er særleg relevant for det lokale musikklivet, kva som er dei viktigaste møteplassane og kulturarenaene i kommunal regi, og korleis dei vil skildre kommunen sine prioriteringar av musikktilbodet.