Humorshowet samlar for tida fulle hus landet over og har hausta gode kritikkar over alt.

Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får folk eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Og her vil nok dei fleste kjenne seg att. Ein får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye andlet i Klypa-universet.

Thomas Ryste har i denne runda fått med seg den «steikje fine» Ørjan Liavåg som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen.

Allemannseige

Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har vorte allemannseige landet rundt, og ein sikker vinnar i sosiale medie.

Showa dreg fulle hus frå nord til sør, til glede for mange hundre tusen publikumarar.

– Eg gler meg til å spele i Volda. Eg kan garantere at Kjellen er i toppslag, seier Hovdebygda-komikar Thomas Ryste.