Kjersti Markgård frå hovudstyret i Uppheim var eit einaste stort smil laurdag. Ho var ikkje aleine. Etter mykje arbeid og mange utfordringar, kunne dei endeleg opne Uppheim igjen, etter over eit år med oppussing og byggeaktivitet.

Bygget husar dei mange aktivitetane KFUK-KFUM Volda står bak, mellom anna ei av dei største speidargruppene i landet, aktive volleyballspelarar, ten-sing, basarar, alt som tenkast kan av organisasjonsliv.

– Her er proppfullt av liv, seier leiar i hovudstyret, Thomas Busker Larsen.

Det har difor vore eit stort sakn siste tida, når huset har vore stengt. Men dei som ventar på noko godt, ventar som kjent ikkje forgjeves.

Slitasje

Uppheim er eit kjent namn for voldingane, og også for mange ørstingar. Dei har halde hus i Volda sidan 1904. Då i eit hus som stod der musikkpaviljongen i Volda står i dag. Sidan kom det nytt hus i 1982. Men eit velbrukt hus treng vedlikehald, og slitasjen var godt merkbar etter mange aktive år. Uppheim trengde fornying. 15 millionar har det kosta. Laurdag var dagen for å takke alle dei som har medverka til å få prosjektet i hamn. Bankane har vore dei største sponsorane. Men svært mange har bidrege. Lokale entreprenørar fekk stor takk. Ting har gått på skjener. Eit tilbygg på oppsida har gjort velkomsten enklare og trivelegare. Kjøkkenet er flytta frå kjellaren til hovudetasjen. Nytt tak, nytt elektrisk system, nye golv, nye fliser, nytt tak, nye lys, nye røyr. Anders Digernes har hatt prosjekteringsansvar og vore byggeleiar. Han fekk ein ekstra stor takk. Markgård seier at når dei først bestemte seg for å satse, så satsa dei stort.

– Når vi først skulle gjere dette, ville vi gjere det skikkeleg. Det var viktig for oss å fornye både inne og ute. Det har vore omfattande, og finansieringa er dugnadsbasert. Folk har stilt opp heile vegen.

Transformasjon

Uppheim strålar. Det har også ordførar Jørgen Amdam merka seg, der han sit på rådhuset, berre eit steinkast unna.

– Eg har ofte fått spørsmål frå besøkande i Volda om «kva for ein transformatorstasjon vi har ståande på jordet her». Og eg må seie at det ikkje er ein elektrisk transformatorstasjon, men ein åndeleg. Og no må eg seie at eg er ekstremt imponert over transformasjonen de har fått til. Frå ein transformatorstasjon til eit stasbygg de kan vere stolte av, helsa ordføraren.

Leiar i husstyret, Odd Ragnar Hunnes, fekk ein ekstra takk frå hovudstyret.

– Han er vår husmor. Han underdriv sitt eige engasjement, men vi som kjenner han veit kor mange timar og kor mykje krefter han har brukt på Uppheim. Eg trur ikkje folk er klar over kor mange turar han har hatt på Uppheim denne byggeperioden. Han har engasjert og motivert og verkeleg stått på, takka Thomas Busker Larsen, som også hausta mykje ros for sin innsats.

Og «takk» var nok det ordet som gjekk mest att frå scena på Uppheim laurdag kveld. Lista er lang. Dugnadsinnsatsen er enorm og velfungerande. Smila gjekk frå øyre til øyre, og stemninga var god – som ho alltid er på Uppheim.

– Det viktigaste med eit nytt hus, er aktivitetane vi fyller huset med. Det er mykje dugnad her, og ei god kjensle av å aldri stå aleine. Det gir liv til huset, og knyter sterkare band og eigarskap til Uppheim, helsa Gunnar Stave, som var konferansier saman med Ingvild Berge Conradsen.