Flyktningar, i samarbeid med frivilligsentralen, ønskjer å starte opp ei fleirkulturell forreining i Ørsta, opplyser dagleg leiar i Ørsta frivilligsentral, Rebecca Bjerknes.

I den samanheng inviterer dei til ope idémøte måndag 20.mars på Kaihuset.

- Einsemd er ein trugsel mot folkehelsa. Gjennom ei slik forreining håper vi på å skape møteplassar på tvers av alle dei flotte kulturane vi har i Ørsta.  Som ny i kommunen vår kan det vere vanskeleg å vite kvar ein skal treffe folk og korleis ein skal gå fram for å få seg nye vener. Dette gjeld ikkje berre for flyktningar.  Målet er å starte ei foreining som kan vere pådrivar for å lage treffpunkt, dele informasjon, bygge sosiale nettverk og kanskje skape nye arbeidsplassar. Moglegheitene ligg der, vi må berre gripe dei, seier Bjerknes, som ønskjer vel møtt til idémøte.