Reidun Aambø er førstelektor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Då Ørsta Mållag heldt årsmøte i Aasentunet førre veke, var ho invitert til å snakke om dialektprosjektet sitt. Det starta i det små, men no har ho samla femti fulle datasider med ord og uttrykk hovudsakleg frå Åmdalen, men også med innsmett frå stader rundt Ørsta.

– Eg sende med borna mine nokre ord då dei flytta vekk. Eg ville ikkje at dei skulle gløyme korleis dei snakkar. Det var med glede eg kunne slå fast at dei framleis seier ting som «hibbel» og «kaldsnekje». Då eg sa det til dei vart dei mest overraska. «Men kva skal vi elles kalle det då?» spurde dei.

Det har altså balla litt på seg. Aambø fortalde at ho vurderer om ho skal gi ut samlinga si i bokform eller som eit hefte.

– I så fall vil eg la der stå att nokre blanke sider som folk sjølve kan fylle inn. Det er klart at eg ikkje har alle orda som andre har.

Og sjølv om eg kanskje ikkje er så ung lenger, er eg ikkje gamal nok til å huske ord og uttrykk frå før 50-talet. Det er stor manko på ord som handlar om til dømes gardsdrift, arbeidsreiskapar og arbeidsmetodar. Der veit eg at mange sit inne med mykje.

Så langt ho kan vil ho også prøve å forklare orda og opphavet, eller samanhengen. Det er eit arbeid ho er i gang med.

– Ta til dømes den beste synåla folk hadde i hus før. «Madinusa-nåla». Det var det folk kalla det. Det er så enkelt, at med blå skrift på sida av nåla stod det: Made in USA.

Elles har Aambø fått med mange gode ord og uttrykk, som ho er redd er i ferd med å forsvinne frå dialekten.

– Nate, attiveia, spøte, eit fongen, fingje, eit godt bet.

Lista er lang.

Og kvifor kallar vi det eigentleg dørslag, dette holete kjøkkenreiskapet?

– I jula laga vi mat heime, heile storfamilien. Svigersonen min frå Bergen kallar det for «døsslag». Vi seier dørslag, og svigerdottera mi, som har utdanninga si frå Tyskland, ho sa «durchslag». Altså, tysk for gjennom. Då vert ting plutseleg meir logisk, seier Aambø.

Andre ord med utanlands opphav har ho også med. Som «dorme», frå fransk «dormir» som tyder å sove.

–Sjølv om vi kanskje legg ei litt anna tyding i ordet, å sløve, så er det interessant å sjå kvar det kjem frå. Det stemmer.

Men å samle dialektord frå Åmdalen, der ho sjølv kjem frå, har også vist seg å by på utfordringar.

– Morsslekta mi er frå Hornindal, så eg har nok plukka med meg litt derifrå også. I tillegg er det mykje som ligg tett opp mot kvarandre, små nyansar i dialekten, berre frå Ørsta sentrum og til Åmdalen, så det er ein jobb å velje korleis ting skal verte skrive. Eg jobbar i alle fall med saka, så får vi sjå om dette endar opp berre på mi private datamaskin, eller om det kjem som ei eiga bok, med tida.