Historisk korpshelg på Sæbø, og snart spelar dei konsert saman

– Det har vore utruleg kjekt å vere samla på denne måten. Det er første gong vi gjer noko slikt, fortalde Ingvild Hamnaberg, dirigent for Sæbø generasjonskorps og initiativtakar til øvingshelga, då Møre-Nytt besøkte øvingshelga søndag ettermiddag.

Det må ha vore eit av dei største korpsa som har spelt i Ørsta nokon gong som var samla i gymsalen på Sæbø i helga. Nesten 100 musikantar frå fire korps arrangerte felles øvingshelg med overnatting på Sæbø skule.

– Vi har med Sæbø generasjonskorps, Vartdalsstranda generasjonskorps, Hovden og Ørsta skulekorps og Dalane Skulekorps, sa Hamnaberg.

Natalie Vatne Egset og Linnea Espe frå Ørsta var to av korpsmusikantane som var med på øvingshelga.

– Det er veldig kjekt å vere her. Vi både spelar og har det gøy med andre ting.

– Det sosiale er svært viktig på ei slik øvingshelg. Musikantane har overnatta på skulen og vi har hatt mange aktivitetar i tillegg til spelinga. Alle har fått i oppgåve å finne seg minst ein ny venn i løpet av helga, forklarte Hamnaberg.

Konsert

Fellesøvingane skal munne ut i ein stor konsert 25. august, under Vartdalsstranddagane.

– Vi skal ha nokre fellesøvingar til før den tid. Repertoaret består av veldig mykje forskjellig musikk, frå Pokémon-songen til «New York, New York».

Det store korpset må seiast å gi ei heilt anna oppleving for publikum enn kva korpsa klarer kvar for seg.

– På Sæbø har vi til dømes éi fløyte og éin saksofon i korpset. Her har vi mange av begge to. Borna får også større glede av det når dei får vere med på noko slikt.

Fleire aspirantar deltok også på øvingshelga, og fekk avslutte helga med å spele hentekonsert for foreldra. Dalane skulekorps består no nesten berre av aspirantar, sidan dei nettopp har starta opp att etter å ha vore inaktive.

Øvingshelga gav meirsmak, og Hamnaberg trur ikkje dette blir siste gongen korpsa har slike fellesarrangement. Men det ligg hardt arbeid bak.

– Det har aldri vore eit slikt arrangement på Sæbø skule, og eg hadde ikkje klart å gjennomføre det utan instruktørane og andre korpsglade sjeler. Foreldra må også få ein klapp på skuldra for å ha ordna mat til musikantane mellom øktene, seier Hamnaberg.