Medan røykmaskinene og scenelyset vert slått på ropar Jiri Nagy «er de klare?» etterfølgt av «camera is rolling, action». Musikken til Pikekysz strøymer ut av høgtalaranlegget i kinosalen i Ørsta kulturhus, og det er musikkvideoinnspeling av songen Kings and queens. I helga vart det brukt mange timar til innspeling, og måndag tok mange del for å sikre viktige klipp til musikkvideoen.

– Låten handlar om å oppnå noko i lag. Det kan vere ein person som vi ser opp til, og får vi litt hjelp frå denne personen klarer vi i lag å oppnå draumane. Dette ynskjer vi å få fram i musikkvideoen. Difor skal ha med oss ulike menneske for å få fram forskjellige historier. Eg trur folk kjem til å bli overraska over musikkvideoen, seier vokalist Mariann Humberset.

Tidleg i januar vart Kings and queens spelt av Ruben på P3, og sidan har låten frekventert programmet.

– Det er rock. Punktum! Også er det ordentleg, ordentleg bra, sa programleiaren då låten vart spelt første gang.

I tillegg til speling på P3 har Radio Ålesund gitt Ørsta-bandet speletid.

Kings and queens vart skrive i turnebussen til Pikekysz.

– Låten skreiv eg på veg heim frå ein konsert i turnebussen. Etter litt hjelp klarte vi å smekke låten i hop, seier Humberset.

– Det meste av teksta kom ganske fort frå Mariann, og i framsetet over Ørskogfjellet gjorde vi den ferdig ilag, seier trommeslagar Nils Dragnes.

Pikekysz har hatt ein musikkvideo i tankane, men det var ikkje før bandet kom i kontakt med Jiri Nagy at det vart ein realitet.

– Eg trur ikkje folk er klar over kva for ein ressurs Jiri er. Vi var ikkje klar over det, og Jiri hadde den erfaringa og driven som vi trengde for å få dette til. I tillegg er vi takksame for samarbeidet med Ørsta kulturhus, seier Dragnes.

Det står framleis att litt filming før redigerings- og etterarbeidet med musikkvideoen tek til.

I fjor haust stod Pikekysz på ulike scener i m.a. Førde, Florø, Oslo og Narvik.

– Det var kjempekjekt, og vi vart veldig godt tekne imot. Det var heilt fantastisk å få god respons frå eit publikum beståande av vilt framande på stadar der ingen hadde høyrt om oss på førehand. Det viktigaste med slike turar og jobbar er å byggje eit kontaktnett, og som eit ukjent rockeband er det mykje utakknemleg arbeid som skal gjerast for å få innpass. No er det mange som følgjer oss, og vi skal tilbake til dei plassane vi besøkte i fjor. Alle plassane vil også ha oss på besøk att.

Pikekysz skal på scena under Påskerocken i Ørsta, og skal spele på Skodje 22. april.

– I tillegg så kjem det meir musikk frå oss etterkvart. Det er hektisk med studiar og jobbing for fleire medlemmar i bandet.