Seksjonsleiar kultur og næring, Liv Bente Viddal, foreslår eit «spleiselag» mellom levekårsutvalet og formannskapet for å dekke dei 37.500 kronene som står att for å få ferdigrestaurert den gamle sauefjøsen i det verna Bakketunet på Bjørke. Det har gjennom fleire år vore utført eit omfattande restaureringsarbeid i tunet, men Ørsta kommune har ikkje teke vesentleg økonomisk ansvar for arbeidet.

– No står ferdiggjering av det gamle sauefjøset i rest. Kommunen vert i konkret og detaljert søknad invitert til å ta økonomisk del i arbeidet med å få lagt torv på taket, og såleis sluttføre restaureringa. Etter ei samla vurdering, og på fritt grunnlag, vert det gitt tilrådring som inviterer til eit «spleiselag» der kulturbudsjettet tek nær halvparten av kostnaden, men slik at formannskapet vert utfordra til å yte 20.000 kroner frå andre disponible budsjettpostar, inviterer Viddal.