Med godt over hundre selde billettar til to framsyningar av Charlie Chaplin sin film «The Kid» vart stumfilmkonserten til Hjørundfjord Filmteater ein suksess.

– I fjor då vi viste film i Gunnarråsa var konseptet kultur i natur. I dag har vi satsa på film og levande musikk. Vi trur det er første gang det blir arrangert stumfilmkonsert på Sæbø, og vi trur at dette blir ei kulturoppleving av dei sjeldne, sa Regine Aklestad før den første framsyninga.

John Inge Leira Bjøringsøy på piano og Tor Grunde Simonsen på saksofon akkompagnerte den klassiske filmen frå 1921 med levande musikk, og fengsla publikum til lerretet. Latteren sat laust både blant unge og gamle til filmscenene i svart kvitt, og då «the end» kom opp på lerretet fekk Bjøringsøy og Simonsen velfortent ståande applaus.

– Det er tungt å halde konsentrasjonen oppe så lenge, men det var veldig kjekt, sa Bjøringsøy etter første framsyning.

Verken Bjøringsøy eller Simonsen hadde erfaring med stumfilmkonsert frå tidlegare.

– Det vart ei blanding av arrangert og improvisert musikk. Vi har eit visst manus, men samtidig må vi følgje med på det som skjer og respondere, seier Simonsen.

– Vi gjekk for tidstypisk musikk, men vi kunne sikkert gjort dette på tusen ulike måtar. Vi brukte litt frå orginalmusikken som Chaplin har skrive, i tillegg til nokre standard jazzlåtar som reflekterte populærmusikken frå den tida.

Simonsen og Bjøringsøy er samde om at det freista til gjentaking av stumfilmkonsert ved eit seinare høve.

– Det gjer vi gjerne, men kanskje med ein annan film.

Tidsriktig: Både kle og musikk var tidsriktig då Hjørundfjord Filmteater inviterte til stumfilmkonsert. F.v. John Inge Leira Bjøringsøy, Tor Grunde Simonsen, Jakop Aklestad, Regine Aklestad, Sverre og Jørund Aklestad, Kristine Dale, Benedicte Bergmann Hansen, Marit Aklestad og Erlend Walseth. Foto: Joachim Åsebø
Suksess: Over hundre betalande gjestar fekk med to framsyningar av «The Kid» søndag. Foto: Joachim Åsebø