Hjørundfjord filmteater inviterer til stumfilmkonsert søndag. Det har lokka publikum til Sæbø bedehus.

– Vi har sett opp ekstraframsyning/ekstrakonsert, for den fyrste framsyninga er utseld, fortel Tor Grunde Simonsen i Hjørundfjord filmteater.

Det er filmen «Småen» med Charlie Chaplin som skal synast søndag. Og som dei gjorde i 1920-åra, vil det verte spelt musikk live til filmen. Eit eige band spelar klassiske jazzlåtar frå 1920- og 1930-åra, og vil også improvisere. Det er i god Chaplin-tradisjon, då han var kjend for å improvisere på filmsettet.

Det er ikkje fyrste gong Hjørundfjord filmteater går nye vegar. I fjor haust var det utandørskino med «De dødes tjern». No er det altså stumfilmkonsert, og tiltaket har lokka folk frå heile Sunnmøre og Nordfjord til Sæbø søndag.