I morgon, søndag, vert Leif Hogne Rygh hylla av medmusikarar i bandet MixMasters på ein konsert på Høgskulen i Volda. Det synest Rygh er stas.

– No når eg er så gammal er det greitt, men eg hadde nok ikkje syntest det då eg var seksti. Men no ser eg fram til ein hyggjeleg konsert, seier Leif Hogne.

Han har i snart seks år budd i Stavanger saman med kona, kunstnaren Astri Eidseth Rygh. No er han på plass i Volda att for å mimre og spele låtar som han sjølv har fått vore med og plukka ut.

– Konserten vert variert. Det vert mange fine låtar av m.a. Duke Ellington, Count Basie og Glenn Miller. Innimellom skal eg også spele noko for mindre besetning. Eg trur dette vert bra, og no kjenner eg at eg gler meg.

Lang karriere

Han har hatt ei lang musikalsk karriere denne mannen, den einaste jazzmusikaren frå Møre og Romsdal som har vore omtala i det amerikanske jazzmagasinet Down Beat. Karrieren starta i Ørsta Gutemusikk då Leif Hogne var elleve år. Det var i 1954.

– Eg fekk meg ein flat trompet, ein Wiener. Instrumentet vart kalla magesykja. Det låg arkivert på loftet på Idavollen. Det var så mange hol i den og han far lodda mykje på trompeten, fortel Leif Hogne.

Då faren var ein tur i Oslo, og gjekk forbi ei bruktbod etter krigen, kjøpte han med seg ein Lignatone-trompet laga Tsjekkia.

– Då vart eg veldig glad, og så byrja eg å prøve meg fram, først i gutemusikken, men etter kvart skulle vi prøve å jazze, og så utvikla det seg.

Leif Hogne var med å starte banda Star dust og Flamingos. Han var med i Foldals storband, det første storbandet på Sunnmøre. Seinare vart det Acilles, MixMasters (etablert i 1983), sekstetten Mixieland, West Coast Swing, Five O’Clock Soul, Frendar, Stavanger Jazzconverses, Stolen Moments, Vestlandsbandet og fleire.

Leif Hogne Rygh er kjend for å vere ein lyrisk trompetist. Denne åra grodde i han etter at han var i Ålesund og høyrde Stan Getz på Parken kino.

– Det lyriske ligg meg nær «folketonemessig». Eg likar vel at det ikkje berre vert tonar som fyk hit og dit, reflekterer trompetnestoren.

Etter at han flytte til Stavanger, og nær dottera Anne Marte, har Leif Hogne halde fram med spelinga.

– Vi, ein kompisgjeng, spelar på eldresenter og småjazzfestivalar viss vi ikkje skal til dokter eller passe barnebarn. Vi møtest på føremiddagen og skal øve to timar. Men det vert mest prating, humrar Leif Hogne.