Det kjem fram i ein søknad om tilskot til kulturformål i Ørsta kommune.

– Vi er fullt i gang med å planlegge Trandalrock 2017. Ein eindagsfestival som skal arrangerast for første gong. Dei som driv lokalet/området for festivalen, Christian Gaard, og crewet rundt dette, har arrangert ulike arrangement på Trandal i fleire år, blant anna populære Trandalblues. Ørsta kommune treng ein skikkeleg rockefestival og vi ønsker no å få til dette 10. juni 2017, heiter det i søknaden som er underskriven av Kristin Riise og Maria Maude i Trandalrock.

Det vert påpeika at dei ønsker å starte festivalen i det små, og samle alt av program på ein dag.

– Vi jobbar med lokale band, men ønsker også å kunne få med litt større og kjent band som kan drage litt ekstra publikum. Vi er allereie i kontakt med fleire aktuelle band, og får mykje positiv respons, heiter det frå arrangørane som vonar på støtte frå næringslivet og kommunen.

Trandalrock har søkt om tilskot på 20.000 kroner frå Ørsta kommune.