«Til alle tider» i Ørsta kyrkje

Det gjer noko med deg når flygeltonane til Marie Austrheim Riise, songstemma til Venche Vartdal Leite og fiolintonane til Leiv Arne Nydal flettar seg saman og fyller kyrkjeromet.

Musikk er medisin, og trioen gav ei god dose til publikum søndag.

Reformasjonen

Ein raud tråd i det heile var ordet «nåde». 31. oktober i år er det 500 år sidan Martin Luther offentleggjorde dei 95 tesane sine mot kommersialisering av avlat. Dette vert rekna som starten på det som utvikla seg til den lutherske reformasjonen. Saman med andre lutherske kyrkjer i alle verdsdelar har Den norske kyrkja valt å setje søkelys på tema som er svært sentrale for kyrkjene i dag. Hovudtema er «Nåde». Ein forsmak på dette gav dei tre musikarane i kyrkja søndag.

– Nåde er noko du får i dåpen og får ha med deg heile livet, i alle livsepokar. Ordet nåde vert ikkje brukt mykje i det daglege, men det er fint å tenke på at det rører ved oss heile livet, sa Marie Austrheim Riise.

Dei starta med ein brudemarsj, og tok seinare publikum med seg gjennom alle livsepokar i livet gjennom musikken, frå dåpssalmar via konfirmasjon og bryllaup, og også songar om det å oppleve tap av menneske som står nær. «Til alle tider» var såleis eit svært treffande namn på konserten. Dei baud også på eigenkomponert materiale, og framførte mellom anna «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» frå syngespelet med same namn, som var med å markere 150-årsjubileet til Ørsta kyrkje i 2014. Dette var eit bestillingsverk forfatta av Jan Ove Ulstein og komponert av Marie Austrheim Riise.

Sjelero

Det var ein nær og varm konsert dei mellom 50 - 60 publikummarane fekk servert, som gav sjelero og sette standarden for ei ny veke.

– Vi håper at dette var ei god markering som gav påfyll for den komande veka, helsa Venche Vartdal Leite.

Og det var nok mange som pusta med magen då dei gjekk ut i vintermørket igjen.