– Dette er noko vi berre kunne drøyme om. The Blues Brothers er det mektigaste, mest omtala og kanskje eit av dei beste bluesbanda i verda.  Vi er umåteleg stolte av å kunne presentere dette bandet på Trandal, seier gjengen bak Trandalblues, Kyrre Grimstad, Terje Myklebust og Arne Moe.

Den populære bluesfestivalen feirar 10 år i år, og no har arrangøren Bratt & Blått verkeleg opna ei konfektøskje med gyldne, blå godbitar.

Kva som vert høgdepunktet på festivalen, er uråd å vite, då alle banda osar av kvalitet. Festivalen vert i år utvida med ein dag, og torsdag 6. juli startar det heile med sjølvaste The Blues Brothers, kjend frå filmen om The Blues Brothers.

– Det er ikkje mykje som ikkje er sagt om dette bandet. Det er eit formidabelt bluesband, med ein parade av blueslåtar som ingen andre kan syne maken til. Kven har ikkje sett filmen? Og av dei som kjem til Trandalblues er fleire av originalbesetninga, seier Grimstad, Myklebust og Moe.

Det beste

Dei har plukka ut det beste av det beste gjennom ti år med festival på Trandal, og kan skilte med desse artistane under årets festival,  i tillegg til The Blues Brothers:

Knut Reisersrud, Vidar Busk, MK’s Marvellous Medicine og virtuosen Marie Kristin Dale på gitar. Vidare kjem BokkeReidars Bluesband og Side Brok, som skal spele saman, Tony Dowler and the Hellhounds og Latvian Blues Band.

Det er altså duka for ein tre dagar lang bluesfest på Trandal i sommar som neppe vert gløymd.